28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.
29 Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt.
30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.
31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.
32 Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.
33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.Liksom i alle forsamlingar av dei heilage
34 skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier.