8 Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?
9 Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta.
10 Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining.
11 Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.
12 På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga!
13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.
14 For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.