1 Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i.
2 Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua.
3 For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
4 at han vart gravlagd,at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
6 Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.