29 Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom døde ikkje står opp, kvifor lèt somme seg då døypa for dei?
30 Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?
31 Ja, mine sysken, eg døyr kvar dag, det er like sant som at eg er stolt av dykk i Kristus Jesus, vår Herre.
32 Var det berre med eit reint menneskeleg håp eg kjempa mot villdyr i Efesos, kva godt hadde det tent til for meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi!
33 Far ikkje vill!«Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»
34 Vakn opp av rusen for alvor og synd ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.
35 Men no kunne nokon seia: «Korleis står dei døde opp? Kva slag kropp har dei?»