3 For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
4 at han vart gravlagd,at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
6 Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.
7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.
8 Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.
9 For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje.