38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.
39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.
40 Og det finst himmelske kroppar og jordiske kroppar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.
41 Ein glans har sola, ein annan har månen og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.
42 Slik er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som blir sådd, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.
43 Det blir sådd i vanære, det står opp i herlegdom. Det blir sådd i vanmakt, det står opp i kraft.
44 Det blir sådd ein kropp som hadde sjel, det står opp ein åndeleg kropp.Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp.