4 at han vart gravlagd,at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
6 Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.
7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.
8 Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.
9 For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje.
10 Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.