1 Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia.
2 Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem.
3 Når eg så kjem, skal eg senda brev med dei som de finn skikka til det, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem.
4 Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg.
5 Eg skal koma til dykk når eg har vore i Makedonia, for Makedonia skal eg reisa gjennom.
6 Men hos dykk blir eg kanskje verande ei tid, eller til og med vinteren over. Så kan de utrusta meg til ferda vidare, kvar ho så går.