3 Når eg så kjem, skal eg senda brev med dei som de finn skikka til det, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem.
4 Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg.
5 Eg skal koma til dykk når eg har vore i Makedonia, for Makedonia skal eg reisa gjennom.
6 Men hos dykk blir eg kanskje verande ei tid, eller til og med vinteren over. Så kan de utrusta meg til ferda vidare, kvar ho så går.
7 For denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre på gjennomreise. Eg håpar å kunna stansa ei tid, om Herren gjev meg lov.
8 I Efesos blir eg verande til pinse.
9 For her står døra vidopen for meg til ei rik gjerning, og det er mange motstandarar.