5 Eg skal koma til dykk når eg har vore i Makedonia, for Makedonia skal eg reisa gjennom.
6 Men hos dykk blir eg kanskje verande ei tid, eller til og med vinteren over. Så kan de utrusta meg til ferda vidare, kvar ho så går.
7 For denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre på gjennomreise. Eg håpar å kunna stansa ei tid, om Herren gjev meg lov.
8 I Efesos blir eg verande til pinse.
9 For her står døra vidopen for meg til ei rik gjerning, og det er mange motstandarar.
10 Dersom Timoteus kjem, må de sjå til at han kan kjenna seg trygg hos dykk. For han gjer Herrens gjerning slik eg gjer,
11 og ingen skal sjå ned på han. Hjelp han i veg og lat han fara med fred, så han kan koma tilbake, for eg ventar på han saman med syskena våre.