12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.
13 Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til.
14 Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis.
15 Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon.
16 For kven kjende Herrens sinn, så han kunne gje han råd?Men vi har Kristi sinn.