1 Likevel, sysken, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Nei, eg måtte tala til menneske styrte av kjøt og blod, som til spedborn i Kristus.
2 Mjølk gav eg dykk å drikka og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,
3 for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?
4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: