16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
17 Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.
18 Ingen må narra seg sjølv! Om nokon av dykk meiner seg å vera vis i denne verda, lat han då bli ein dåre, så han kan bli verkeleg vis.
19 For visdomen i denne verda er dårskap i Guds auge. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira list,
20 og ein annan stad: Herren kjenner tankane til dei vise, han veit at dei er tomme.
21 Difor må ingen skryta av å vera tilhengjar av menneske. For alt høyrer dykk til,
22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, livet eller døden, det som no er, eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til,