1 Så skal de sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium.
2 Og av forvaltarar krevst det at dei viser truskap.
3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg blir dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol. Ja, eg dømmer ikkje meg sjølv eingong,
4 for eg veit ikkje om at eg har gjort noko gale. Men eg er ikkje dermed frikjend, for Herren er den som dømmer meg.
5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal få fram i lyset det som er løynt i mørkret, og visa kva menneska ber i hjartet, og då skal kvar og ein få sin ros av Gud.