9 Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.
10 Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam.
11 Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring
12 og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.
13 Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.
14 Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette.
15 For om de har tusen lærarar i Kristus, har de ikkje mange fedrar. Og det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet.