1 Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin.
2 Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk.
3 For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades.
4 De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss.
5 Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag.
6 De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen?
7 Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.