1 Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.
2 Men for å unngå hor skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.
3 Mannen skal gjera mot kona det han skyldar, og like eins kona mot mannen.
4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen. Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona.
5 Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande.