13 Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.
14 For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.
15 Men vil den som ikkje trur, skilja seg, så lat han skilja seg. I slike tilfelle er ikkje den truande broren eller systera bunden. Gud har kalla dykk til fred.
16 For kva veit du, kvinne, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?
17 Difor skal kvar og ein leva livet sitt der Herren har sett han, så som Gud har kalla kvar einskild. Dette pålegget gjev eg i alle forsamlingane.
18 Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje prøva å gjera det om. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera.
19 Det avgjerande er ikkje om ein er omskoren eller uomskoren, men at ein held Guds bod.