2 Men for å unngå hor skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.
3 Mannen skal gjera mot kona det han skyldar, og like eins kona mot mannen.
4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen. Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona.
5 Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande.
6 Dette er meint som ei tillating, ikkje som eit påbod.
7 For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.
8 Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg.