28 Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som gifter seg, kjem til å møta vanskar i livet, og det vil eg gjerne spara dykk for.
29 For det seier eg, brør, at tida blir stadig kortare. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde,
30 dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje eigde det,
31 og dei som bruker det som er i verda, som om dei ikkje brukte det. For denne verda slik ho er, går under.
32 Eg vil at de skal vera frie for uro. Den ugifte har omsorg for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera til glede for Herren.
33 Men den som er gift, har omsorg for det som høyrer verda til, korleis han kan vera til glede for kona,
34 og så blir sinnet delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsorg for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på kropp og sjel. Men den gifte kvinna har omsorg for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera til glede for mannen.