5 Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande.
6 Dette er meint som ei tillating, ikkje som eit påbod.
7 For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.
8 Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg.
9 Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.
10 Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin –
11 om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.