7 For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.
8 Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg.
9 Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.
10 Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin –
11 om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.
12 Til dei andre seier eg, og ikkje Herren: Om ein kristen bror har ei kone som ikkje trur, og ho gjerne vil bli buande saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.
13 Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.