2 Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det.
3 Men den som elskar Gud, er kjend av han.
4 Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.
5 Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.
6 Men for oss er det éin Gud, vår Far.Alt vart til av han, og til han er vi skapte.Og det er éin Herre, Jesus Kristus.Alt er til ved han, og ved han lever vi.
7 Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt.
8 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.