6 Men for oss er det éin Gud, vår Far.Alt vart til av han, og til han er vi skapte.Og det er éin Herre, Jesus Kristus.Alt er til ved han, og ved han lever vi.
7 Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt.
8 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.
9 Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall!
10 For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt?
11 Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.
12 Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv.