11 Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.
12 Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.
13 Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.
14 Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande.
15 Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd.
16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17 De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.