16 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17 De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.
18 De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gullde vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,
19 det var med Kristi dyre blod,blodet av eit lam utan feil og lyte.
20 Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.
21 Ved han er de komne til tru på Gud,som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte.