20 Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.
21 Ved han er de komne til tru på Gud,som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte.
23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande ord som alltid varer ved.
24 For alle menneske er som gras og all deira prakt som blomen i graset. Graset visnar, og blomen fell av,
25 men Herrens ord varer til evig tid.Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk.