5 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
6 Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar.
7 Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.
8 Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord,
9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.
10 Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få.
11 Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma.