1 Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,
2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.
3 For de har smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.
5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.
6 For det heiter i Skrifta: Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein, utvald og kosteleg; den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.