11 Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela.
12 Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.
13 For Herrens skuld skal de underordna dykk all styresmakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
14 eller landshovdingane, som han har sendt for å straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt.
15 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og slik stogga munnen på uforstandige og uvitande menneske.
16 De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud.
17 De skal visa alle ære, elska syskenfellesskapet, ottast Gud og æra keisaren.