16 De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud.
17 De skal visa alle ære, elska syskenfellesskapet, ottast Gud og æra keisaren.
18 De tenestefolk skal vera underordna herrane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.
19 For det er godt om nokon finn seg i ufortent liding fordi samvitet er bunde til Gud.
20 Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge.
21 Det var dette de vart kalla til.For Kristus leid for dykkog gav dykk eit førebilete,så de skulle følgja i hans fotspor.
22 Han gjorde inga synd, og det fanst ikkje svik i hans munn.