2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.
3 For de har smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.
5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.
6 For det heiter i Skrifta: Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein, utvald og kosteleg; den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.
7 Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har steinen som bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,
8 ein snublestein og eit berg til fall.Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.