1 På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne – ikkje med ord, men med det livet kona lever,
2 når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt.
3 Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd,
4 men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud.
5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine,
6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og de har vorte hennar døtrer når de gjer det gode og ikkje lèt noko skremma dykk.
7 Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.