11 Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.
12 For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.
13 Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode?
14 Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma,
15 men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.
16 Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine.
17 For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.