19 og slik gjekk han bort og forkyntefor åndene som var i fangenskap.
20 Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn.
21 Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode –
22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.