7 Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.
8 Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke.
9 Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.
10 Den som vil elska livet og sjå gode dagar, må halda tunga frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale.
11 Han må venda seg bort frå det vonde og gjera det gode, søkja fred og jaga etter fred.
12 For Herrens auge følgjer dei rettferdige, og hans øyre høyrer deira bøn. Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.
13 Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode?