12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.
13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de òg kan jubla av glede når han openberrar seg i sin herlegdom.
14 Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.
15 Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff som mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller for å ha blanda seg opp i sakene til andre.
16 Men lid nokon fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.
17 For no er tida komen då dommen skal ta til, og han skal ta til med Guds hus. Men kjem dommen over oss først, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium?
18 Og er det vanskeleg for den rettferdige å bli frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren?