4 No undrar dei seg over at de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av utskeiingar saman med dei, og dei spottar dykk.
5 Men dei skal gjera rekneskap for han som står ferdig til å dømma levande og døde.
6 Difor vart evangeliet forkynt for dei døde òg, for at dei som i kroppen vart dømde slik menneske blir dømde, ved Anden skulle leva, slik Gud lever.
7 Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be.
8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
9 Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.
10 Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.