7 Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be.
8 Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.
9 Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.
10 Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde.
11 Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen.
12 Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uventa.
13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de òg kan jubla av glede når han openberrar seg i sin herlegdom.