1 Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast:
2 Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.
3 Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken.
4 Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.