3 Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken.
4 Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.
5 De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6 Audmjuk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk når tida kjem.
7 Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.
8 Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.
9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at syskena dykkar rundt om i verda må gå gjennom dei same lidingane.