7 Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
8 For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.
9 Dei fortel sjølve kva mottaking vi fekk hos dykk, korleis de vende om til Gud frå avgudane for å tena den levande, sanne Gud
10 og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.