1 De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss.
2 Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand.
3 Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik.
4 Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre.