1 De veit sjølve, sysken, at det ikkje var fåfengt at de tok imot oss.
2 Endå vi, som de veit, nett hadde lide vondt og vorte mishandla i Filippi, fekk vi i vår Gud frimod til å tala Guds evangelium til dykk, endå det var hard motstand.
3 Det ligg ikkje villfaring bak forkynninga vår, heller ikkje ureine motiv, og vi fer ikkje med svik.
4 Nei, vi har vorte prøvde av Gud og er tiltrudde evangeliet. Difor talar vi som vi gjer, ikkje for å gjera menneske til lags, men Gud, han som prøver hjarta våre.
5 For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om eiga vinning. Gud er vårt vitne.
6 Vi søkte ikkje ære hos menneske, verken hos dykk eller andre,
7 endå vi som Kristi apostlar kunne ha vore myndige. I staden var vi som spedborn mellom dykk, som når ei amme steller med sine eigne born,