10 De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis.
11 De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk:
12 Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13 Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.
14 For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane,
15 dei som drap Herren Jesus og profetane og forfølgde oss. Dei er ikkje til glede for Gud og står alle menneske imot.
16 For dei hindrar oss i å tala til heidningane så dei kan bli frelste, og slik fyller dei opp med synd på synd. Men til sist har vreiden nådd dei.