8 slik hadde vi vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.
9 For de hugsar, sysken, kva slit og strev vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samtidig arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.
10 De kan vitna, og Gud like eins, at vi har ferdast mellom dykk truande på heilagt, ærleg og ulasteleg vis.
11 De veit òg at vi var som ein far mot borna sine mot kvar og ein av dykk:
12 Vi formana, oppmoda og bad dykk inderleg at de skulle ferdast slik det er verdig for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.
13 Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur.
14 For de, sysken, har etterlikna Guds forsamlingar i Judea, dei som er i Kristus Jesus. De har måtta tola det same av dykkar landsmenn som dei har måtta tola av jødane,