2 og vi sende Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk,
3 så ingen skulle vakla under denne motgangen. For de veit sjølve at dette er lagt på oss.
4 Då vi var hos dykk, sa vi på førehand at vi kom til å møta motgang, og som de veit, gjekk det slik.
5 Og fordi eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han av stad for å få vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren hadde greidd å freista dykk så arbeidet vårt var nyttelaust.
6 Men no er Timoteus nett attkomen frå dykk med godt nytt om dykkar tru og kjærleik. Han fortel at de alltid minnest oss med glede og lengtar etter å sjå oss att, liksom vi lengtar etter dykk.
7 Slik har vi no, sysken, vorte trøysta ved dykkar tru i all vår motgang og naud.
8 Og no lever vi, når de står faste i Herren.