1 Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette!
2 For de veit kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus.
3 For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor.
4 Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,
5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.
6 Ingen må gjera bror sin urett eller lura han i dette. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjartet.