3 For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor.
4 Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,
5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.
6 Ingen må gjera bror sin urett eller lura han i dette. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjartet.
7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.
8 Den som avviser dette, han avviser difor ikkje eit menneske, men han avviser Gud, som gjev dykk sin heilage Ande.
9 Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.