7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.
8 Den som avviser dette, han avviser difor ikkje eit menneske, men han avviser Gud, som gjev dykk sin heilage Ande.
9 Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.
10 Og de viser denne kjærleiken mot alle syskena våre i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjartet, sysken, at de må gjera endå større framsteg i dette.
11 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har bode dykk,
12 så de kan gå sømeleg fram mellom dei som er utanfor, og ikkje treng be nokon om hjelp.
13 Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp.